Styrelederen har ordet

Tilbake Les mer

Eit nytt skogår er i emning og vi legg 2023 bak oss. Det er god aktivitet i skogen. Det er stor etterspørsel etter tømmer. Norge, Europa og verden vil ha det fornybare råstoffet vi produserer.

Skogens oppsynskvinner- og menn

Eit nytt skogår er i emning og vi legg 2023 bak oss. Det er god aktivitet i skogen. Det er stor etterspørsel etter tømmer. Norge, Europa og verden vil ha det fornybare råstoffet vi produserer. Rett nok er det ein tøff marknad for byggemateriale om dagen, særleg i Norge, men det har ikkje dempa etterspørselen etter tømmer. Vi leverer i dag til eigen industri, til ein sterk innanlandsk industri og til eksport. Mangfaldet av kundar skaper etterspørsel. Etterspørsel skapar pris.

Marknaden for tømmer viser tydeleg at tre som råstoff er framtidsretta. Det er berekraftig, det bidrar til lågare klimagassutslepp og det er ikkje minst sirkulært. I Norge har vi bygd opp ein stor skogressurs. Det har aldri vore meir skog i Norge. Det blir meir eldre skog. Det er meir død ved i skogen – som er viktige leveområde for mange organismar. Heile det norske skogbruket er miljøsertifisert. Eg meiner vi som skogeigarar har ei stolt historie å fortelje gjennom dei siste 100 år.

Likevel opplever vi at presset frå storsamfunn, media og interessegrupper aukar betydeleg. Gjennom 2023 publiserte NRK ei rekke reportasjar med svært kritisk blikk på skognæringa. Mot slutten av 2023 legg Økokrim fram ein rapport der dei setter kritisk søkelys på skoglova. 2024 har starta med serien «Oppsynsmannen» på NRK, der ein på nytt sett kritisk ljos på arealbruk.

Eg vil vere tydeleg. Det norske skogbruket må vere berekraftig. Vi må ta omsyn til det biologiske mangfaldet. Vi kan ikkje ha ei næring som er ein trussel for truga artar. Derfor må vi etterleve dei reglane vi har sett i PEFC skogstandar for eit berekraftig skogbruk. Vi må også ha dialog og informere om kva vi driv med.

Norge, Europa og verden vil ha det fornybare råstoffet vi produserer.

MEN – vi må også kunne forvente at seriøse aktørar i ordskiftet om skog set seg inn i kva skogbruk er. Vår store utfordring er å skape forståelse for kor langsiktig skogbruk er. At planta vi set i bakken er ein del av eit svært langt kretsløp. At skogen vi haustar etter 100 år ikkje handlar om å fjerne eventyrskog, men er del av eit langt og fornybart kretsløp. Skog er ein av dei få ressursane vi kan auke bruken av på vegen inn i eit lågutsleppsamfunn. Ikkje bare kan vi, men vi må bruke meir trevirke skal vi begrense global oppvarming, i følge FNs klimapanel.

Så kva gjer vi? Eg trur tida er forbi der vi bare hamrar på med eigne argument og synast alle som ikkje forstår oss er kunnskapslause. Vi må bruke meir tid og krefter på å fortelje kva vi driv med. Få fram dei gode eksempla. Vise i praksis at vi har strenge kontrollsystem og at vi etterlever dei. Synleggjere kor flott trevirke er som materiale. Bli meir synlege rett og slett.

Eg meiner vi som skogeigarar er skogens beste oppsynskvinner- og menn. Vi har ein stor organisasjon, vi er mange. Ein skogeigar lever av å ta vare på skogen sin – ikkje øydelegge den!

Godt skogår!
Olav A. Veum,
Styreleia